Utskriftsvennlig versjon

Vedtak

Arkivforskrifta § 2-2 Arkivplan, slår fast følgjande:

Eit offentleg organ skal til ein kvar tid ha ein ajourført samleplan, ein arkivplan, som viser kva arkivet omfattar og korleis det er organisert.
Arkivplanen skal også vise kva slags instruksar, reglar, planar m.v. som gjeld for arkivarbeidet.

Arkivplanen for Aurland kommune gjeld heile den kommunale verksemda.

Arkivplanen skal oppdaterast og ajourhaldast fortløpande. Det som er publisert her, skal reknast som gjeldande til anna vedtak vert gjort.

Arkivleiar melder i frå til rådmann, når endringane er så omfattande at arkivplanen bør periodiserast og det bør gjerast nytt vedtak.

Alle i organisasjonen har eit ansvar for at arkivplanen er oppdatert, og i samsvar med gjeldande rutinar.
Innspel og rettingar skal sendast til arkivleiar. 

Administrativt vedtak gjort i kommunen sitt sak-/ arkivsystem 28.09.2016, arkivsak 15/724-27

 

Aurland kommune 28.09.2016

Rådmannen

Laster...