|
Einingleiar skal: - I god tid før vedkomande sluttar gje melding til arkivleiar om at vedkomande sluttar og når. - I god tid melde frå til IT-avdelinga slik at vedkomande vert sletta som brukar av Acos WebSak og andre system. - Syte for at vedkomande går gjennom epostboksen sin og sender arkivverdige dokument til arkivet for registrering, eventuelt registrerer sjølv. - Syte for at alle ferdige saker vert sendt til avslutting. - Syte for at alle restanser er avskrivne, eventuelt overført til ny sakshandsamar. - Syte for at sakshandsamar ferdigstiller alle reserverte dokument (konsept), eventuelt gjev melding til arkivet dersom dokument er feilregistrerte. - Gje melding til arkivet om kven som skal overta ikkje ferdigstilte saker. - Melde frå til sysikt slik at vedkomande vert sletta som brukar av websak og andre system. Einigsleiar skal nytte kommunen sitt eige "registreringsskjema for brukar av edb systema i Årdal", for å melde frå om medarbeidar som sluttar. Skjemaet ligg tilgjengeleg på kommunen si intranett side. Arkivleiar skal: - I god til før vedkomande sluttar ta ut restanseliste og sende sakshandsamar. - Eventuelt overføre saker som ikkje er ferdigstilte til ny saksansvarleg. - Rett før vedkomande sluttar - kontrollere at alle korger i websak er rydda i. - Avslutte sakshandsamaren i websak. |