Glemt Passord?

Avdeling for innovasjon og næringsutvikling

Avdelinga skal bidra til:

  • berekraftig omstilling i næringslivet – sikre grøn vekst gjennom det grøne skiftet
  • produksjon av fornybar energi, god infrastruktur og energiomstilling frå fossil energi til fornybar energi
  • nye arbeidsplassar og sysselsetting i heile Vestland fylke
  • nyskaping og nytt næringsliv som bygger på eksisterande industri og næringar som i dag har fortrinn på Vestlandet
  • verdiskaping i byar og regionar og fremje berekraftig forvaltning av naturressursane våre, både i havet og på land
  • synleggjering av fiskeriressursar, landbruk og reiseliv som drivarar i utvikling av sterke distrikt
  • innovasjon i næringslivet og offentleg sektor, ut frå kompetanse og forsking
  • strategisk arbeid saman med kommunar, næringsaktørar og regionar til beste for befolkning, sysselsetting, infrastruktur, næringsareal og økonomisk utvikling i dei viktigaste bransjane
  • nærings- og lokalsamfunnsutvikling, som også femnar om breiband og teknologiske løysingar

Nedanfor finn ein dokumentasjonskrav som gjeld for avdeling for kultur, idrett og inkludering.

Arbeidet på avdelinga omfattar funksjonar som er omtala i:

  • § 7-31.Næring, miljø og samfunnsutvikling

I riksarkivarens forskrift.

Dei einskilde dokumenta omtalar:

  • Kva administrativ ansvar med undernivå dokumentasjonen høyrer til
  • Kva oppgåva er
  • Kva system ein nyttar for å produsere dokumentasjonen
  • Kva arkivdel 
  • Kva rutine som gjeld
  • Om dokumentasjonen skal bevarast