|
Med periodisering meiner vi at innhaldet i eit arkiv eller ein arkivserie vert inndelt i tidsbolkar. Andre ord er journalperiodar eller arkivperiodar. Periodisering er eit tiltak som krev planlegging og nødvendige ressursar. Fylkesarkivet skal takast med på råd ved alle planar om periodisering av arkiva. Periodisering skal skje ved store endringar, for eksempel ved overgang frå eit system til eit anna, ved endring av arkivnøkkel, val eller andre organisatoriske endringar. Fordi arkivfunskjonen er slått saman med politisk sekretariat i Askvoll er det ikkje ynskjelig å ta periodisering i forbindelse med kommuneval. |