Glemt Passord?

Restansekontroll

Arkivtenesta skal følgje opp leiarane og saksbehandlarane med restansekontroll 2 gonger i året. 

Grunnen til dette er å få oversyn over dei dokumenta som ikkje er ferdigbehandla.

Når tilsette sluttar i jobben sin er det viktig at arkivtenesta tidleg får melding om dette, slik at restanseliste kan produserast og leverast til leiar.

Dersom ein annan saksbehandlar skal overta arkivsakene og dokumenta som ikkje er avslutta og ferdigbehandla skal arkivtenesta ha melding om dette.