Glemt Passord?

Rutine for organInterne dokument

(Sjå rutinar eigenproduserte dokument.)

Organinterne dokument er dokument som organet har utarbeidd sjølv og som ikkje vert sende ut av organet. Fylkeskommunen vert rekna som eitt organ. Dette inneber at notat som går frå ein av rektorane til sentraladministrasjonen er eit organinternt dokument. Det same gjeld notat som går mellom to einingar i sentraladministrasjonen eller innanfor ei og same eining.  

Fylkeskommunen sin policy er at alle interne dokument skal journalførast på vanleg måte.

Dersom sendar og alle mottakarar har Elements-ident, skal dokumentet,  dersom det har vore gjenstand for sakshandsaming og  har dokumentasjonsverdi, handsamast som eit internt notat. Ein skal nytte Elements-identen, døme bodnor, for mottakarane  og ikkje e-postadresse @vlfk.no.

 N- internt notat/dokument med oppfylging. Må avskrivast med kode eller besvarast.
 X – internt notat/dokument utan oppfylging. Må hake av for lest, eg skal ikkje handtere denne oppgåva.    

Det kan vera behov for å skjerme interne avgjerdsprosessar, utkast og utgreiingar.

Den endelege avgjerda er offentleg. 

Merk: Dokument i Teams, sosiale medie, sms, telefonsamtalar m.m kan vere organinterne dokument.