Glemt Passord?

Vedtak

Arkivforskrifta § 4 Arkivplan og internkontroll slår fast følgjande:

Alle offentlege organ skal til kvar tid ha ein ajourført arkivplan som viser kva arkivet omfattar og korleis det er organisert. Arkivplanen skal også vise kva slags instruksar, reglar, planar mv. som gjeld for arkivarbeidet.

Den øvste leiinga i organet må sjå til at arkivarbeidet blir omfatta av organets internkontroll. I kommunar og fylkeskommunar er dette ein del av det ansvaret som er lagt til administrasjonssjefen etter kommunelova § 23 nr. 2 andre punktum eller kommuneråd eller fylkesråd etter kommunelova § 20 nr. 2 andre punktum.

 

Arkivplanen for Vestland fylkeskommune gjeld heile den fylkeskommunale verksemda. 

Arkivplanen er eit levande dokument og vert kontinuerleg oppdatert. Ved større organisatoriske endringar eller andre omfattande endringar vert arkivplanen periodisert. Den periodiserte arkivplanen vert journalført.

Alle har eit ansvar for at arkivplanen er oppdatert, og i samsvar med gjeldande rutinar og relevant lovverk. Innspel og rettingar skal sendast til leiar for dokumentsenteret. 

Vestland fylkeskommune dato 

Rune Haugsdal

Fylkesdirektør