Glemt Passord?

Avdeling for kultur, idrett og inkludering

Bilde KII (1)

Avdelinga legg til rette for utforminga av ein sterk og kunnskapsbasert kulturpolitikk i Vestland og samhandlar med stat, kommunar og sivilsamfunn. For å få til dette skal vi: 

  • støtte opp under eit sterkt og ambisiøst kunst- og kulturliv, for både profesjonelle og amatørar, utvikle relevante verkemiddel og støtte drifta av kulturlivet sine organisasjonar og institusjonar, og prosjekt og tiltak
  • bidra til at det er lett å vere fysisk aktiv i Vestland, og leggje til rette for at alle kan vere fysisk aktive kvar dag
  • sørgje for at alle, og særleg barn, unge og seniorar, i Vestland får oppleve profesjonell kunst og kultur, fremje kulturtilbod som motverkar inaktivitet og utanforskap og arbeide for betre samhandling mellom kultur- og helsesektoren
  • forvalte den nasjonale og regionale kulturarven i Vestland og skape auka forståing og kunnskap om vår eiga historie. Arbeide for å gje gode rammevilkår for musea i Vestland
  • ta vare på, formidle og leggje til rette for bruk av arkiv- og kjeldemateriale frå Vestland
  • vere ein pådrivar for gode bibliotektenester i Vestland og eit bibliotekfagleg kompetansesenter, som gjev råd til kommunar og bibliotek i vidaregåande opplæring
  • koordinere og vere ein pådrivar for oppgåvene fylkeskommunen har innan integrering og inkludering