|
Fylkesvegane knyter fylket saman og skal fungere som ei trygg og føreseieleg ferdselsåre. Visjonen vår er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg vegsystem som dekker samfunnet sitt behov for transport og fremjar regional utvikling. For å nå dette skal vi:
- Gjennomføre vedtekne fylkesvegprosjekt frå planlegging og utgreiing, til bygging av veg.
- Drifte vegnettet slik at vegen er open og trygg å ferdast på, t.d. når det kjem snø eller om det går ras.
- Halde vegen i stand med utbetringar som dekkelegging, skifting av rekkverk og anna vedlikehald.
- Ha ein beredskap som trygger folk og veg når det skjer uønskte hendingar på fylkesvegnettet.
- Tilrå og samordne tiltak for å fremje trafikktrygging i fylket, både med fysiske trafikktryggingstiltak og aktivitetar, og å hjelpe kommunane med dette.
- Utarbeide overordna planar for fylkesveg, og gje innspel til nasjonale transportplanar.
- Redusere klimagassutsleppa i omstillinga mot eit lågutsleppssamfunn og tilpasse infrastrukturen til eit endra klima med meir nedbør.
I dette arbeidet utnyttar vi kompetansen i avdelinga til å søke effektive og berekraftige løysingar til beste for samfunnet rundt oss. |
|