|
Lov om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument - Pliktavleveringslova . § 1. Føremål Føremålet med denne lova er å tryggja avleveringa av dokument med allment tilgjengeleg informasjon til nasjonale samlingar, slik at desse vitnemåla om norsk kultur og samfunnsliv kan verta bevarte og gjorde tilgjengelege som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon. . § 3. Definisjonar I denne lova vert desse omgrepa nytta slik:
| -
|
Medium: noko som kan lagra informasjon.
|
| -
|
Dokument: ei logisk avgrensa informasjonsmengd som er lagra på eit medium for seinare lesing, lyding, framsyning, overføring eller liknande.
|
| -
|
Utgjevar: den som for eiga rekning lagar eller får laga eit dokument for å gjera det tilgjengeleg for allmenta.
|
| -
|
Produsent: den som framstiller eksemplar av eit dokument for ein utgjevar.
|
| -
|
Importør: den som for eiga rekning tek inn i landet dokument utgjeve i utlandet, for å gjera det tilgjengeleg for allmenta i Noreg.
|
Eit dokument er gjort tilgjengeleg for allmenta når
| -
|
eksemplar av dokumentet vert bode fram for sal, utleige eller utlån, eller når dokumentet på annan måte vert spreidd utanfor ein privat krins,
|
| -
|
informasjonen i dokumentet vert gjord tilgjengeleg utanfor ein privat krins gjennom framføring, framsyning, kringkasting, direktekopling e.l.
|
. § 4. Kva som skal avleverast Både fysiske og digitale dokument som er gjorde tilgjengelege for allmenta skal avleverast i inntil sju eksemplar. Digitale grunnlagsdokument kan krevjast avleverte i tillegg til utgjevingsmedium. Dokument laga i utlandet skal berre avleverast dersom det er laga for norsk utgjevar eller særskilt tilpassa allmenta i Noreg. Kongen kan gjera unnatak frå eller avgrensa avleveringsplikta og gje særskilde føresegner om talet på eksemplar, kva form eller kvalitet avleveringseksemplar skal ha, og om kva opplysningar som skal følgja dokumentet. |
|