Glemt Passord?

Politisk organisering

Politisk organisering

Ordførar
Ordføraren er kommunen sin fremste folkevalde og rettslege representant. Ordføraren leiar møta i kommunestyre, formannskap. Ordføraren representerer kommunen i mange samanhenger og har hovudansvaret for kontakt med media. Ordføraren er bindeleddet mellom politikk og administrasjon.

Astrid Byrknes (f.19 ) er ordførar i Lindås kommune. Ho er vald inn i kommunestyret frå Kristeleg folkeparti og har hatt politiske verv i ei årrekkje.

- Eg vil oppmoda alle som bur i Lindås til å engasjera seg i det politiske arbeidet, seier ordførar Astrid Aarhus Byrknes.

- Berre gjennom engasjement kan vi ta vare på og styrka lokaldemokratiet. Gjennom lokalpolitikken legg vi rammene for kva slags samfunn vi ønskjer å skapa. I ein stor kommune som Lindås er det mange og samansette behov. Engasjement frå dei som bur her, er den beste forsikringa for at alle blir høyrt og sett. Og så er jo Lindås eit veldig spennande område å driva politikk i. Vi har så mange moglegheiter, og så mykje positivt som skjer i både næringslivet og kulturlivet i bygdene våre, seier ordføraren.

Følg lenkene på heimesida for meir informasjon om det politiske livet i Lindås, og informasjon om kven som set i dei ulike styre, råd og utval. For dei mest sentrale folkevalde organa, finn du og kontaktinformasjon til medlemmane.

http://www.lindas.kommune.no/politisk-organisering-og-vaare-folkevalde.298487.nn.html