Glemt Passord?

Bruk og oppdatering av arkivplanen

 

Arkivplanen skal nyttast som eit arbeidsreiskap av alle tilsette i Lindås kommune. Målet er at alle som håndterer dokument som vert til som ledd i den verksemd kommunen driv, skal kunne finne informasjon om kva retningsliner som må følgjast, og kva løysninger kommunen har på arkivområdet.

Arkivplanen vert oppdatert jamnleg. Det vert sendt ut melding til berørte partar når ein revisjon/korrigering er utført.

Alle brukarar har ansvar for å gje tilbakemelding på den informasjon som er i arkivplanen. Om registrerte opplysningar ikkje er korrekte eller endringar er gjort, skal arkivleiar kontaktast. Arkivleiar Eva Arnøy kan nåast på telefon 56 37 54 84 eller e-post eva.arnoy@lindas.kommune.no

Kommunen sin arkivleiar, Eva Arnøy, vil ha det daglege ansvaret for å følgje opp arkivplanen sine bestemmelser i forhold til alle avdelingarr i kommunen.