|
Balestrand kommune er deltakar i ei mengde samarbeid på tvers av kommunegrensene. I dei tilfella ein verstkommune eller eit interkommunalt selskap og liknande har ansvar for den daglege drifta og arkivansvaret - førar ikkje kommunen noko eige arkiv. I dei utvala og styra kor Balestrand kommune har representantar eller selskap der kommunen er aksjonær arkiverar kommunen møteprotokollar frå representantskapsmøte, referat frå generalforsamlingar, årsberetning mm. i sitt sak-/arkivsystem. Desse dokumenta legg me inn i tilfelle dei skal refererast i eit utval eller leggast til ei sak, eller at opplysningar trengs til utarbeiding av eigarmelding hos næringskontoret. I utgangspunktet skal alle slike samarbeid ha ein eigen samlesak. Møteinnkallingar, sakslister, rundskriv og liknande arkiverast ikkje. Sjå og: [Arkiv i interkommunale samarbeidsorgan (2009).pdf 795,59 kB] |