|
Ein del av teknisk avdeling, ligg under teknisk sjef - plan og utvikling. Ein eigen avtale mellom Høyanger og Balestrand om felles landbrukskontor (innfattar jordbruk og skogbruk). Landbrukssjef er tilsett i Høyanger kommune og er og landbrukssjef i Balestrand kommune. Har kontorplass begge stader, vanlegvis ein dag i veka i Balestrand. Avdelinga har ansvar for alt innan landbruk og jordbruksforvaltning. Utferdsel i utmark kjem i tillegg spesifikt for Balestrand. Fram til 1994 var landbrukskontoret statleg. Balestrand hadde eit eige nærings- og landbrukskontor under same sjef. Hadde og ansvar for Fjærland fram til 2000. Avtalen mellom Høyanger og Balestrand kom i stand i 2002. Har i dag elektronisk arkiv. Tidligare - papirarkiv sortert på både gards- og bruksnummer og k-koder. |