Glemt Passord?

VAKSENOPPLÆRING

Eigen eining under kommunalsjef for oppvekst og kultur.

Per september 2017 lokalisert på UH-bygget på Sygna. Avdelinga blei oppretta vinteren 2015/2016.

Avdelinga har ansvaret for undervisning av flyktningar og innvandrarar i norsk. Lovpålagt undervisning for folk som er ein del av introduksjonsprogrammet, dei har rett og plikt til å gå på programmet.

Frå hausten 2017 har avdelinga og ansvaret for undervisning for arbeidsinnvandrarar og for vaksenopplæring for vaksne med funksjonsnedsetjingar busett i kommunen viss desse søkjer om opplæring.