Glemt Passord?

Rutinar for PPT

Balestrand var medlem av PPT Ytre Sogn og Sunnfjord som har eit eige arkiv lokalisert i Dale, Fjaler. Balestrand PPT har sitt eige separate arkiv.

Pedagogisk psykologisk pedagog - er arkivansvarlig for Balestrand kommune sitt PPT-arkiv, men har i tillegg tilgang til sentralarkivet for PPT Ytre Sogn og Sunnfjord. Frå 2017 sit saksbehandlar i Høyanger. Etter at Høyanger overtok sakene til Balestrand er aktive mapper blitt henta frå Balestrand til PPT-kontoret i Høyanger. Når ei sak ikkje lenger er aktiv vil den bli tilbakeført til Balestrand-kontoret. Det er leiar for PPT Ytre Sogn og Sunnfjord som har arkivansvaret for Balestrand PPT så lenge det ikkje er eigen PPT-rådgjevar i Balestrand.

Mappene er tredelte når dei leverast til arkivet etter at klienten ikkje lenger er i PPT-systemet:

  1. Brev og rapporter - all innkomande post til saka, tilråding, individuell opplæringsplan -IOP, brev, innkalling.
  2. Journalnotat
  3. Arbeidsnotat

All inngåande post som er saksdokumenter blir journalført og lagt på papirmappe sorter på etternamn. Det er berre klientmapper i bruk. Også utgåande dokument, epostar, referat frå telefonsamtaler blir registrert på denne måten.

Det same skal ein kunne gjørast med reine systemsaker - dette er ikkje teke i bruk

Får post både direkte til seg og noko til sentralt postmottak.

Etter innføring av sentralt postmottak fekk PPT-kontoret ein avtale om at de fekk lov til å få post direkte til seg, til den felles postboksen til Helsesenteret. Postboks 73 6898 Balestrand

Frå 2017 skal all post til PPT skal sendast direkte til hovudkontoret i Dale. Vidare arkivdanning skjer utanfor Balestrand kommune.

 

BAKGRUNN FOR AVDELINGA:

Balestrand samarbeida med Vik og Høyanger om PPT-teneste fram til 1994 når det blei oppretta eige PPT-teneste i Balestrand. Så leide kommunen ein periode inn rådgjevar frå kompetansesenteret på Sandane ein gang i månaden - nåverande Statped.

PPT-teneste i Balestrand blei på nytt oppretta i 2000, med nåverande rådgjevar tilsett sidan den gangen.

Balestrand blei en del av PPT Ytre Sogn og Sunnfjord ca. 2002.

Balestrand samarbeidar med PPT Ytre Sogn sidan lærarane på skulen tidligare samarbeida utover mot Høyanger. Men nå går samarbeidet andre veg - mot Indre Sogn, så PPT samarbeider utover, mens lærarane samarbeidar innover.

Det er ein PPT-rådgjevar tilsett i 80 % stilling i Balestrand kommune, kor 20 % av stillinga er som logoped, resten som PPT-rådgjevar. I tillegg er det ein psykolog tilsett i 13 % stilling innan PPT Ytre Sogn og Sunnfjord frå overføringsmidla etter at kompetansesenteret på Sandane blei nedlagt.

Samarbeidet består av 4-5 fagforum i året, i Dale.

Balestrand-Høyanger-møter fleire gonger i året for drøfting av saker og bistand i saksbehandling av kvarandre sine saker

Det er ikkje slik at PPT Balestrand berre har Balestrand-saker, målet er å bruke ressursane best mulig.

I Balestrand ligg PPT-kontoret direkte under kommunalsjef for oppvekst og kultur. Dette skjedde i 2010. Før det låg PPT direkte under rådmann.

Frå haust 2017 - PPT-arbeid i kommunen er overteke av saksbehandlar i Høyanger kommune. 

ANSVARSOMRÅDE

Todelt:

  1. Enkeltsaker - elever som har behov for spesialundervisning
  2. Systemarbeid - hjelpe skoler og barnehagar med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å legge betre til rette for borna.

Kommunen kan pålegge andre oppgåver utover dette.

På grunn av kommunesamanslåing, Balestrand kommune sagt opp avtale med PPT for Ytre Sogn og Sunnfjord. Etter avtale PPT har avlevert papirmappe for aktive og ikke aktive barn som hadde oppfølging hos PPT.

Frå skuleåret 2019/2020, Balestrand kommune samarbeidet med Sogn PPT..