|
Tenesta ligg under helse og omsorgstenestene i kommunen. Psykisk helseteneste er lønna saman med heimetenestene, men er ein tverrfaglig stilling som går over fleire sektorar. Fram til 2008-09 var det ikkje ein eigen teneste men ein del av heimesjukepleien. Så kom hovedbrukar tilbake til kommunen - difor blei det etablert ein eigen eining i kommunen som formelt var ein del av heimesjukepleien med med eige personal. Fram til 2017 høyrte avdelinga til Helsetunet, med leiar av Helsetunet som leiar for tenesta. Frå 2017 er tenesta flytta inn under Bu- og miljøtenestene, leia av tenesteleiar. Dei som inngår i tenesta: - Rettleiar i psykisk helsearbeid - ligg direkte under kommunalsjef for helse og omsorg - har kontor på Helsesenteret. - 2 tilsette i stillingar knytta til oppfølging av brukarar i heimen, Seljetunet, og aktivitør i 80 % stilling på Helsetunet- ligg per 2018 under tenesteleiar for bu- og miljøtenestene POST Avdelinga får post sendt både direkte til Helsesenteret og noko til sentralt postmottak. Post som angår brukar/pasient blir lagt i klientmappe. Epost Elektroniske meldingar via eLink i Gerica. Før Gerica blei innført blei saksdokument produsert på sensitivt område på Q-området. Gerica blei ikkje teke i bruk på avdelinga før ca 2013. |