|
Kommunestyret Kommunestyret har 17 medlemar med varamedlemar. Medlemane vert valde av dei innbyggjarane i kommunen som har røysteret etter reglar fastsett i lov, jf. kommunelova §7, nr. 1. Valet gjeld for fire år. Rådmann har møte- og talerett i kommunestyre sine møte; jf. kommunelova §23, nr. 3. Rådmann kan la seg bistå av andre frå administrasjonen dersom ordføraren eller kommunestyret ikkje set mot det og kan la andre møte på sine vegner. ( Sjå 1.1. Arbeids- og delegeringsreglement for Balestrand kommune, vedtak sak 44/14, siste endring 3/17) Her er oversikt over styre, råd og utval i Balestrand kommune:
|
|