Glemt Passord?

Plan for ordning og avlevering i samband med kommunereform

Når Leikanger kommune opphøyrer å eksistere 01.01.20, skal alle arkiv avsluttast.

Alt personregistermateriale eldre enn 10 år kan avleverast fortløpande etter avtale med Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Personregistermateriale som ikkje er 10 år, får me foreløpig ikkje avlevere. Anna arkiv skal avleverast etter avtale med Fylkesarkivet, men dei har hverken kapasitet eller plass i noverande depot til å ta i mot alt arkiv frå kommunane som skal slå seg saman. Fylkesarkivet planlegg utbygging av depotet, og avtale med kommunane skal gjerast i løpet av sommaren. Det er lagt opp til ein betalingsmodell der kommunane melder inn behov for avlevering framover, og betaler for reservert plass. 

Plan for ordningsarbeidet:
Me ordnar no personregister eldre enn 10 år og avleverer fortløpande.
Klientmapper barnevern vart avlevert i mai 19.
Klientmapper sosial skal ordnast og avleverast haust 19.
Elevmapper skule vart ferdig avlevert  desember 2019.
Deretter tek me føre oss arkivdel for arkivdel.

Dette arbeidet er planlagt å fortsetje inn i ny kommune, og vil halde fram i alle fall i ein fireårs periode. 
Det vert ikkje sett av øyremerka midlar til dette, då det skal vere ei oppgåve for tilsette i arkiv og innbyggartorg som ein gjer parallellt med andre oppgåver.