|
Posten til kommunalsjefen blir henta og opna av arkivtenesta. Saksposten blir registrert i Acos Websak, medan anna post blir lagt i hylla til kommunalsjefen. Kommunalsjefen utfører sine oppgåver i Acos WebSak og fasystema Visma, Framsikt.
Kommunalsjefen har eit heilskapleg leiaransvar, med økonomiansvar, personalansvar, fagansvar og utviklingsansvar. Kommunalsjefen inngår i rådmannen si leiargruppe.
Kommunalsjefen har ansvar for 4 store tenesteområde;
- Bu og miljøtenesta
- Heimetenester/institusjon
- Helse, familie og velferd
- Nav kommunal.
Dei 4 tenesteområda har kvar sin tenesteleiar som under seg har avdelingsleiarar knytt til dei ulike einingane. Det er i tillegg etablert eit tildelingskontor som skal sikre heilskapleg og godt koordinerte tenester, samt likebehandling for like behov. Det er tilsaman 280 tilsette i heile området, fordelt på 220 årsverk. |