Glemt Passord?

Pliktavleveringslova

§ 4. Kva som skal avleverast

Dokument som er gjort tilgjengeleg for allmenta skal avleverast slik:

- Dokument av papir eller papirliknande medium, mikroformer og fotografi i sju eksemplar.
- Lydfesting, film, videogram, edb-dokument og kombinasjonar av desse dokumenttypane i to eksemplar.
- Opptak av kringkastingsprogram i eitt eksemplar.

Dokument laga i utlandet skal berre avleverast dersom det er laga for norsk utgjevar eller særskilt tilpassa allmenta i Noreg.

Kongen kan gjera unnatak frå eller avgrensa avleveringsplikta og gje særskilde føresegner om kva form eller kvalitet avleveringseksemplar skal ha og om kva opplysningar som skal følgja dokumentet.

Hele loven finner du på lovdata