|
Retten til innsyn i offentlege saksdokument er regulert i Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd, i dagleg tale kalla offentleglova og gjennom Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker, i dagleg tale kalla forvaltningslova. Føremålet med lova er å leggje til rette for at offentleg verksemd er open og gjennomsiktig, for slik å styrkje informasjons- og ytringsfridomen, den demokratiske deltakinga, rettstryggleiken for den enkelte, tilliten til det offentlege og kontrollen frå ålmenta. Lova skal og leggje til rette for vidarebruk av offentleg informasjon. Allment innsyn § 3 hovudregel: "Saksdokument, journalar og liknande register for organet er opne for innsyn dersom ikkje anna følgjer lov eller forskrift med heimel i lov. Alle kan krevje innsyn i saksdokument, journalar og liknande register til organet hjå vedkomande organ." Kapittel 3 inneheld reglar for unntak frå innsynsretten. Kapittel 4 omhandlar saksbehandling og klage. PartsinnsynForvaltningslova regulerer retten til innsyn for part i sak. Ein part i sak er definert som ein person som ei avgjersle retter seg mot eller som saken elles direkte gjeld (Fvl. § 2-e). Ein må ha heimel for å nekte part rett til innsyn. Heimel finn ein i § 18 som gjev tilgang til å nekte innsyn i dokument utarbeidd for organets interne saksførebuing, eller i § 19 som innskrenkar tilgangen til å krevje innsyn i visse opplysingar. Dersom parten blir nekta innsyn kan vedkommande klage etter reglar i Fvl. § 21. Innsyn i personopplysningarFørespurnad om innsyn i personopplysningar er regulert i Lov om behandling av personopplysninger, i dagleg tale kalla personopplysningslova. Avgjerd om innsyn skal ikkje forvaltast av arkivtenesta eller fagleg ansvarleg i dokumentforvaltninga. Det er leiar eller den leiar har peika ut for den aktuelle tenesteeininga, som skal forvalte innsynet. Innsynet skal forvaltast i tråd med personopplysningslova med forskrifter. Alver kommune - lokalt regelverk:
|