|
Lov om arkiv, som i dagleg tale vert kalla "arkivlova", er ei generell lov for offentlege arkiv. Lova har også føresegner om vern av private arkiv. Føremålet med lova er å sikre at arkiv med kulturell eller forskningsmessige verdi, eller som innheld rettsleg eller viktig forvaltningsmessig dokumentasjon, vert teke vare på og gjort tilgjengeleg for ettertida. Arkivforskrifta spring ut frå, og utdjupar arkivlova. Forskrifta er eit omfattande dokument som regulerer dei fleste sider ved arkivfunksjonen i offentleg forvaltning. Riksarkivaren si forskrift ("Forskrift om utfyllende tekniske og arkivfaglige bestemmelser om behandling av offentlige arkiver") stiller detaljerte krav til behandling av offentlege arkiv.
|