| Kommunen har eit sentralarkiv som skal vere arkivskapar for alle administrative einingar som er knytt til kommunen sitt sak-/arkivsystem. All journalføring og administrativ sakshandsaming skal skje i sak-/arkivsystemet, med unntak av personsensitive saker som skal førast i lukka fagsystem. Sak-/arkivsystemet har ein felles database for journalføring og eit felles elektronisk arkiv for dei dokumenta som blir produserte internt. Det kan knytast ei eller fleire journaleiningar til sak-/arkivsystemet. Desse er å rekne som einingar under sentralarkivet og har fullmakt til å journalføre inn- og/eller utgåande korrespondanse. Sak-/arkivsystemet har følgjande journaleiningar:
- Sentralarkivet
- Pleie og omsorg
- Leikanger barneskule
- Leikanger ungdomsskule
- Henjahaugane barnehage
- Nybø barnehage
- Leikanger barnehage
Avdelingar som har personregister som krev særleg sikring mot innsyn skal fungere som eigne journaleiningar for sine edb-baserte fagsystem. Desse fagsystema, med tilhøyrande manuelle klientarkiv, er likevel ein del av fellesarkivet. Følgjande einingar er journaleiningar for fagsystem:
- Barneverntenesta (Bvpro)
- Pleie- og omsorgstenesta (Gerica)
Administrative einingar som ikkje er knytt til sak-/arkivssytemet skal vere eigne arkivskaparar. Dette gjeld følgjande einingar:
|