Aurland kommune - arkivplan vedteken 28.09.2016 (aktiv)

Aurland våren 2016

Arkivplanen er vedteken administrativt den 28.09.2016.
Den gjev bindande retningsliner for all handsaming av informasjon og dokumentasjon i Aurland kommune.
I arkivplanen er ansvar og rutinar oppdelt for leiar, sakshandsamar og arkivpersonale. 

Arkivlova med forskrifter ligg til grunn for retningslinene.

Arkivplanen skal sikra at Aurland kommune ivaretek arkivansvaret sitt etter arkivlova sin § 6: "Offentlege organ pliktar å ha arkiv, og desse skal vera ordna og innretta slik at dokumenta er tryggja som informasjonskjelder for samtid og ettertid."